Lær korleis de skaper trivsel og vekst gjennom systematisk relasjonsarbeid.
Dei tilsette sit på «kvar si tue», og fokuset hamnar ofte på «meg» og eigne oppgåver i staden for «vi» og felles mål.
De har fokus på elevane, men manglar verktøy for å ta vare på kvarandre i kollegiet.
Frykta for å feile gjer at utøvarane held igjen i staden for å sleppe seg laus og prestere på sitt beste.
– Eg veit korleis det er. Oppgåvene står i kø, fristar skal haldast og resultat skal målast. Samstundes lever vi i ei tid prega av individualisme og sosial distanse. Når mykje av kvardagen skjer bak skjermar – der kommunikasjonen fort blir flatare og meir upersonleg – er det ikkje rart at det oppstår usikkerheit i møte med andre: «Kvar har eg deg?». «Er det trygt å seie det eg meiner her?»

Denne usikkerheita gjer at vi:
Konsekvensen er ofte:
Denne usikkerheita gjer at vi:
Konsekvensen er ofte:
– Eg har lært på den harde måten kor skjørt livet er. Det har gitt meg eit perspektiv eg ber med meg i alt eg gjer: Gode relasjonar er den einaste beviselege faktoren for lykke – og heilt avgjerande for å nå sitt eige potensial.
Eg hjelper skular, bedrifter og prestasjonsmiljø med å flytte fokuset frå funksjon til folk. For det er først når vi ser mennesket bak rolla, at vi oppnår dei verkeleg gode resultata.
Med utdanning i karriererettleiing og sosialpedagogisk arbeid frå OsloMet, og erfaring frå både skuleverket og møte med toppfotballen, har eg sett at suksessformelen er den same overalt:
Psykologisk tryggleik oppstår ikkje av seg sjølv. Han må byggast gjennom gode samtalar, der vi torer å dele litt meir av kven vi er. For når vi kjenner historiene til kvarandre, bygger vi den tilliten som skal til for å prestere – også når det røyner på.

Kunsten å bygge lag
Få ei betre forståing av korleis de jobbar med:
Varigheit: 45-90 minutt.
Frå innsikt til endring
Relasjonssamlingane gir fagleg påfyll og konkrete verktøy. De får:
Eit verktøy for gode samtalar
Korleis skaper vi rom for meiningsfulle samtaler? «På vei» er eit brettspel utvikla ved OsloMet som gjev dykk faste rammer for å bli betre kjende. Spelet er ein sentral del av alle samlingane mine.
Spelet gir dykk:
Etter å ha innarbeidd god relasjonskompetanse, vil de oppleve:
– Vi har alle noko å lære om korleis vi møter folk. Dess betre du kjenner menneska rundt deg, dess lettare er det å ta gode avgjerder. Jarle lærte oss teknikkar for å byggje tillit – og har du tillit, så kjem du mykje lenger, anten det er i ei bedrift eller på eit lag.
Tore André Flo, landslagstrenar G17 og tidlegare proffspelar.
– Fleire av mine tilsette hadde grua seg til å blottleggje seg for kollegaer, men i etterkant sa dei at dette var det beste møtet dei nokon gong hadde vore med på. Jarle gjorde det ufårleg å opne seg, sjølv på tvers av avdelingar.
Lill-Ann Mo, salgssjef i Hagen AS.
– Brettspelet «På Vei» er eit glimrande verktøy som gjer at ein kjem gjennom skallet og vert personleg utan at det kjenst for privat. Spelet opnar opp for refleksjon og kommunikasjon på ein heilt unik måte, som vi kan bruke både i leiargruppa, i det førebyggjande arbeidet i ressursteamet vårt og direkte i møte med elevane.
Kjell Ove Hauge, rektor ved Kuben VGS.
Å ignorere relasjonelle utfordringer kan få særs høge kostnader, både økonomisk og sosialt, fordi det fører til at talent og potensial går til spele.
Når usikkerheit får gro, sluttar folk å by på seg sjølve. Prosessar går saktare, kvaliteten fell, sjukefråværet stig – og dyktige folk forsvinn.
Eg har sjølv møtt leiarar og trenarar som til slutt isolerer seg på kontoret, medan dei tilsette nærmast virrar rundt utan mål og meining. Resultatet er eit miljø prega av «meg» i staden for «vi» – ein kultur som korkje presterer eller lukkast.
Men det er fullt mogleg å bryte mønsteret. Ved å jobbe systematisk med relasjonsleiing skapar de eit robust fellesskap som toler motstand, og der folk blir verande fordi dei trivst og utviklar seg.
Det handlar om å skape meining – om å kjenne at ein høyrer til.